UTØVARAR 2018

 Omtale frå utøvarane (2017)    
Fiolin
 
  
  
Sara Övinge
(f. 1988) er frå Norrkøping og vert rekna som ei av skandinavias mest talentfulle unge musikarar. Ho starta si karriere som fireåring og gjorde si første soloframføring med Norrkøping Symfoniorkester då ho var seks år. Ho studerte ved Kungliga musikhøgskolan i Stockholm og fullførde vidare utdanning ved Norges musikkhøgskole og Royal College of Music i London, som den yngste diplomstudenten nokosinne. Sara har mellom anna vunne «Lytternes solist» i Sveriges største musikkonkurranse-Solistprisen. Ho vann også Ljunggrenska sin konkurranse for unge musikarar noko som førde til solistoppdrag med mange av dei fremste symfoniorkester i Skandinavia. I 2014 vart ho tilsett som 2. konsertmeister i den norske Opera & Ballett, men er nå frilanser som kammermusikar og solist og utfordrag seg sjølv i nye spennande musikalske møte.
 
 
   
 
Johanne Haugland
er fødd og oppvaksen i Bergen og begynte å spele fiolin som 4-åring hjå Britta Skärby Vindenes. Ho blei våren 2017 uteksaminert frå sine bachelorstudier ved Barratt Due Musikkinstitutt, der ho har hatt Stephan Barratt-Due som fiolinlærar. I 2013 reiste ho til Venezuela i eit år for å være del av det anerkjente El Sistema prosjektet i orkesteret Youth Orchestra of Caracas. Ho er ein aktiv kammer- og orkestermusikar og har dei siste åra opptrådt jamnleg med Det Norske Kammerorkester, Oslo Camerata og som vikarierande gruppeleiar i Trondheim Symfoniorkester. For tida er ho elev av Peter Herresthal på masterstudiet ved Norges Musikkhøgskole.
Ho spelar på ein fiolin bygd av Gabor Draskóczy, generøst utlånt til henne av Dextra Musica.
 

 
Bratsj
 
Foto: Nikolaj Lund   
 
Eivind Holtsmark Ringstad
(f 1994) starta opplæring på fiolin som femåring og gjekk over til bratsj som hovedinstrument ni år seinare. Han spelar på på eit Guadagnini- instrument utlånt av Dextra Musica. I 2012 vann Eivind NRK`s solistkonkurranse VIRTUOS og Den Norske Solistpris. Seieren i VIRTUOS førde til at Eivind representerte Noreg ved EBU`s konkurranse «Eurovision Young Musicians» i Wien same år der han vann 1.pris. I 2014 vart han tildelt Statoils talentstipend for unge klassiske utøvarar. I 2016 vart han valt ut til det mest prestisjefylde treningsprogrammet for klassiske musikarar; BBC`s New generation Artists Sceme. Han har alt mottatt fleire store prisar som Arve Tellefsenprisen, Øyvind Bergs minnepris, Karoline-prisen og Statoil-stipendet. Eivind er ein profilert kammermusikar og solist og opptrer regelmessig ved festspela i Bergen og ved baroniet i Rosendal.
 

 
Fele / hardingfele / dans
 
   
Vegar Vårdal
er folkemusikar og dansar busett i Vågå i Gudbrandsdalen. Han spelar både vanleg fele og hardingfele, og har i tillegg dansen som leveveg. Utdanninga si har han frå folkemusikklina ved Høgskolen i Sør-Aust Noreg, avdeling Rauland, Norges Musikkhøgskule og folkedansstudiet frå NTNU i Trondheim. Han fekk i 2016 Statens kunstnerstipend som også resulterte i soloplata «Ukvessa Slåttar». Vegar spelar i mange ulike konstellasjonar og sjangraralt frå jazz via samtidsmusikk, pop og barokkmusikk. Vegar er ein svært allsidig artist og er i tillegg mykje brukt som pedagog. Han underviser fast på Norges Musikkhøgskole, landslinja for folkemusikkpå Vinstra, Griegakademiet i Bergen/ Ole Bull-akademiet, den Fynske Musikkonservatorium og Toneheim folkehøgskole. 
 Klaver
 
 
Josephine Hsieh
(f. 1987) er fødd i North Carolina USA, og har utdanninga si frå USA og Noreg. I USA studerte ho på prestisjetunge «College Conservatory of Music» i Cincinnati hjå Eugene Pridonoff og fekk sin bachelorgrad i utøvande piano. Våren 2012 avla ho diplomeksamen etter studier hjå Håvard Gimse ved Norges musikkhøgskole.
Josephine har deltatt i og er prisvinnar i ei rekke konkurransar i USA, Noreg, Sverige, Italia, og Japan. Ho fekk l.pris i Conoco Phillips stipendkonkurranse. Ho har spelt for Kong Harald, kronprinsparet, samt vore solist med Tine Thing Helseth og Oslo Symfoniorkester, Thomas Søndergård og Kringkastingsorkesteret i Oslo konserthus, vore solist med Odense Symfoniorkester i Odense konserthus, spelt inn med Den Norske Opera og Ballet og opptrådt på NRK.
Josephine er også ein ettertrakta kammermusikar og har spela på oslo kammermusikkfestival, Uppsala kammermusikkfestival og Norsjø Kammermusikkfest frå starten i 2014.
 
 

Øyvind Sundsvalen
(f. 1982) har utdanninga si frå Musikk. konservatoriet i Kristiansand, der han fekk sin bachelorgrad som faglærar i klassisk piano under læraren Tellef Juva. Vidare reiste han til Winthrop University i South Carolina og tok ein mastergrad i utøvande piano hjå Dr. Eugene Barban.
Våren 2009 fullførde han sin Astist Diploma i utøvande piano på prestisjetunge College Consavatory of Music i Cincinnati Ohio under Elizabeth og Eugene Pridonoff. Same året tok han seg til semifinalen i den internasjonale Griegkonkurransen i Florida.
Han har konsertaktivitet frå Noreg og USA, og har fått rettleing hos pianistar som Liv Glaser, Håvard Gimse, Sigurd Slåttebrekk, Walter Hautzig, Kevin Kenner, Dr.Eugene Barban og Elizabeth Pridonoff. Han jobbar for tida som freelance pianist og er tilsett som lektor ved Hadeland videregående skole.
 
 
 Foto: Liv Øvland
Dorina Komani
(f. 1989 ) vart fødd i Tirana, Albania. Som fem-åring starta ho å spele piano under J Albanias pianostjerne, Lili Tafaj. Sju år gamal held ho sin første konsert, og alt som 11-åring, i år 2000/ kom ho på 2. plass i Tiranas EPTA pianokonkurranse.
I august 2007 kom vendepunktet i karrieren hennar, da ho vart med i det norske talentutviklings-programmet (TUP) på Norges musikkhøgskole, under professorane Leiv Ove Andsnes og Håvard Gimse.
Aret etter starta ho bachelorstudia sine, nettopp på NMH, samtidig som ho tok ei utdanning i gamle instrument under professor Liv Glaser. Ho starta masterstudiane sine i 2012 under professorane Håvard Gimse og Wolfgang Plagge.
I mai 2013 vann ho Trondheim symfoniorkester sin talentkonkurranse, der ho seinare har hatt framføringar. I 2013 starta ho som distriktsmusikar i Sogn og Fjordane. I juni 2014 og januar 2015 spelte Dorina i ein barnehageturné med tittelen «Tangenter på tur» i Oslo og Sogn og Fjordane, organisert frå Rikskonsertane. I februar 2015 spelte Dorina to konsertar i Spania med cellisten Paula Cuesta Redondo. Dorina spelar regelmessig i Oslo under festivalen «Opera til Folket» og er ein av dei mest etterspurde pianistane nå for tida.
 

 
Midgardkonkurransen 2017
 
 
Duo Dynamo - Fiolin og cello -
består av Martha-Pil Evertsen Neumer (fiolin) og Hedda Lydianna Aadland (cello). Hedda og Martha-Pil er nå 15 år og har vore elevar ved Barratt Due Musikkinstitutt frå dei var 7 år. Duoen vart etablert då dei 11 år gamle vart tatt opp på Barratt Dues talentutviklingsprogram. Jentene er aktive kammermusikarar, er faste medlemmer i Barratt Dues Juniororkester og har mellom anna vore på turne i Sør-Korea og Portugal. Tre år på rad har dei spela med Oslo Filharmonien/ Ung Filharmoni. Duo Dynamo har vunne 1.pris i konkurransen Jugend Musiziert (Tyskland) og 1. pris i Midgardskonkurransen samt sjølve Midgardsprisen 2017. Duoen har nyleg også vunne 1. pris i UMM2018 i både regional og nasjonal konkurranse. I tillegg til å opptre i utlandet skal duoen i år opptre på fleire festivalar i tillegg til Norsjø kammermusikkfest.
 
Cello
 
Foto: Gerard Spee    
 
Ivan Valentin Hollup Roald
voks opp på Nøtterøy og i Oslo etter å ha budd sine første leveår i Stokmarknes i Vesterålen.Han tok sin mastergrad i cellospel ved Norges Musikkhøgskole i 2014, der han studerte med Truls Mørk og Aage Kvalbein. Han bur for tida i Wien og studerer kammermusikk ved Joseph Haydn Institutt for Kammermusikk. Sidan sommaren 2016 har han spela i strykekvartetten Simply Quartet. Med denne kvartetten har han mellom anna vunne første pris ved Joseph Haydn internasjonale kammermusikkonkurranse i 2017, første pris ved Casinos Austria Rising Star Award i 2017, og tridje pris ved Trondheim Int. Kammermusikkonkurranse same året. Tidlegare har han vunne Norges Musikkhøgskules kammermusikkonkurranse to ganger. Han er også aktiv i samtidsmusikk og er medlem av ensemblet Aksiom, som ga ut eiga plate i 2016. Han er stadig vikar i norske orkester og har opptredd som solist i mange orkester i inn- og utland.
 

 
Song
 
 
Stina Steingrim Levvel - sopran
er fødd og oppvaksen i Fredrikstad og starta musikkutdanninga si ved Musikkonservatoriet i Kristiansand. Etter avslutta mastergrad ved Norges Musikkhøgskole i 2009 gjekk turen til Tyskland og Hochschule für Musik und Theater "Felix Mendelssohn Bartholdy" i Leipzig der ho tok avgangseksamen med toppkarakter. I løpet av åra i Tyskland tolka Stina roller som Andre heks i Dido og Aeneas av Purcell, Andre dame i Tryllefløyten av Mozart, Lady Billows i Albert Herring av Britten og Rosalinde i Flaggermusen av J. Strauss.
Heime i Noreg har Stina sunge Wellgunde i Lidalnorth sin produsjon av Wagners Rhingullet på Operaen, og Nedda under Oslo Operafestival si oppsetting av Pag'iacci. Sommaren 2016 tolka ho rollen som Lisa i Spardame av Tjaikovskji ved Opernbühne Bad Aibling i Tyskland. I juni 2017 sang ho rollen som Første Dame i Mozarts Tryllefløyten på Fredriksten festning i Halden i regi av Opera Østfold.
 
 
 
Jørgen Backer - baryton
(f. 1984) Jørgen har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole og den Norske operahøgskole der han to sin mastergrad i 2012. Sesongen etter (2012/13) var han praktikant ved den Norske Opera kor han debuterte i rollen som Falke i Flaggermusen. Jørgen har etter det hatt fleire roller i operaoppsettingar rundt omkring i landet og er i tillegg mykje brukt som konsertsolist i inn- og utland med både verdsleg musikk og kyrkjemusikkrepertoar. I 2017 spela han også i urpremiæren på dracula i Haugesund, ein kammeropera der han sjølv skreiv librettoen.
 

  
Klarinett
 

Pierre Xhonneux
(f1988) er fødd i ein musikalsk familie i Belgia og utdanna seg ved konservatoriet i Namur, Belgia og i Paris med topp karakterar. Han er ein allsidig musikar som spelar musikk i mange sjangrar, tidsepokar og ulike ensemble og har vore utøvar både som solist og ensemblemusikar ved ei heil rekke festivalar rundt om i Skandinavia og Europa elles. I 2009 vart han tilsett som soloklarinettist i Liege Royal Philarmonic Orchestra. Sidan 2015 har han vore ess-soloklarinettist i Oslo Philharmonis Orcherstra og vore klarinettlærar ved barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
«Å se de blide, smilende, rørte og berørte ansiktene til publikum og kollegaene mine når konserten slutter er den største gleden jeg har som musiker.»


 
Komponist / utøvar
 
   
Martin Ødegaard
(f. 1983) er frå Sauherad og har studert folkemusikk ved Rauland (HiT) og komposisjon ved Norges Musikkhøgskole med m.a. Bjørn kruse, Henrik Hellstenius og lasse Thoresen som lærarar. Verk av Martin er alt framført av m.a. Oslo Sinfonietta, Athelas Simfonietta KCopenhagen , kringkastingsorkesteret, Schola Cantorum og det Norske Solistkor. Han har jobba mykje med scenemusikk og prosjekt knytta opp mot folkemusikk. I års 2012-2014 mottok han Statens arbeidsstipend.
 
 
NORSJØ KAMMERMUSIKKFEST AS  Adresse: Gullbringvegen 34, 3800 Bø  Telefon: +47 901 27 513
Webside: www.norsjokammermusikkfest.no  E-post: post@norsjokammermusikkfest.no
Organisasjonsnummer: 815 559 762    Kontonummer: 2610 26 46702    Vippsnummer: 509665

 

© LightWeb